Noreg fell til 2. plass på lista over verdas lykkelegaste land

I 2017 toppa Noreg lista over verdas lykkelegaste land, men i år må vi ta til takke med å komme bak finnane i kåringa, melder NTB.

Folk i Finland er no dei lykkelegaste i verda, ifølgje den nye FN-rapporten.

Etter Finland og Noreg kjem Danmark, Island, Sveits, Nederland, Canada, New Zealand, Sverige og Australia.