Seks månadar med Rohingya-krise: – Eg vil reise heim til mitt eige land

Sidan 25. august har over 688.000 rohingyaer flykta frå Myanmar til Bangladesh. Ein av dei er Sabuka (13).

FAKTA

Rohingya

  • Rohingya-folket er er ei folkegruppe som kjem frå vest i landet Myanmar, aust for India. Dei er ein stad mellom 800.000 og 1,3 millionar.
  • Dei fleste av rohingya-folket er muslimar.
  • Rohingyaene har vore forfølgt og dårleg behandla av dei som styrer i Myanmar. Store massar flykta då hæren i Myanmar sette i verk ein større aksjon i Rakhine 25. August.

Myanmar

  • Innbyggjartal: ca. 56 millionar
  • Hovudstad: Naypyidaw
  • Største by: Yangon
  • Religion: 9 av 10 som er buddhistar, men òg kristne og muslimar
  • Historie: Landet har vore styrt av militæret i lang tid, men sidan 2011 har det blitt meir demokrati i landet.
LES FAKTALUKK FAKTA

– Eg liker ingenting med denne plassen. Eg vil reise heim til mitt eige land, seier 13-åringen til Redd Barna og Plan.

Mora hennar vart drepen under flukta til Bangladesh. Nå bur Sabuka saman med tanta si. Som mange andre barn i leiren går ho ikkje på skulen, men må i staden hjelpa til heime. Kvar dag går ho seks timar for å hente ved til matlaginga.

Mange er redde

I samband med at det er seks månadars-markeringa har Redd Barna World Vision og Plan intervjua 200 barn. Rapporten viser at barna i leirane er redde. Dei dårlege buforholda, hentinga av ved i skogen og manglande skulegang er på lista over dei tre utfordringane som uroar barna mest.

Foto: Plan International

Mange jenter er òg redde for å gå åleine til dei få toaletta som er der, og kan venta fleire timar for å gå på do.

– Vi veit at barna er dei som har det aller verst i kriser. Etter at dei flykta frå Myanmar har livet til rohingya-barna vorte snudd på opp ned. Barna er redde, mange har ikkje ein skule å gå til lenger, det er vanskeleg å få nok sunn mat, barna må hjelpe mykje til heime og dei har liten plass til å leika. Slik skal ikkje barn ha det. Samtidig er det mange organisasjonar som arbeider for at barna skal få det betre, fortel Siv Meisingseth, kommunikasjonssjef i Plan International Norge i ei pressemelding.

Sjokkert

Sigbørn Ljung i Plan er ein av dei som har vore i Bangladesh for å hjelpe til. Han er sjokkert over kva barna fortel.

– Mange har opplevd ting, som verken barn eller vaksne skal oppleve. Familiar lever svært trongt, og stadig fleir fleire flyktningar kjem til leirane. Det er stort behov for vern, helsetilbod, mat og skule, men det er liten plass å gjere dette på, fortel han.

Eit av problema er at barn er borte frå skulen. Difor arbeider Plan International med å bygge mobile klasserom som kan flyttast dit barna er.

– Det er viktig at barna kjem raskt attende til ein trygg skulekvardag. Når barn får moglegheit til å fortsetta på skulen er det mindre sjanse for at dei blir gifta bort eller vert rekruttert til barnearbeid, fortel Sigbjørn.

Visste du at? Det finst 135 folkegrupper i Myanmar
Visste du at? Myanmar blir ofte også kalla Burma, som var namnet då landet var ein britisk koloni.