GRIMA: Den kjensla når negler skrapar mot tavla

Negler mot tavla, isoporgnikking, skummgummi eller kniv som skrapar mot tallerkar. Får du ein ekkel kjensle berre av å tenkje på dette?

Denne kjensla har no fått eit namn. Nemleg grima, skriv Nysgjerrigper.no.

Det er ein spansk psykolog som har forska på dette. Forskaren har alltid fått denne ekle kjensla når ho tek på skumgummi. Grima er tatt frå spansk. Spanjolar har nemleg eit namn på denne kjensla. Grima betyr at noko er ubehagleg, grøssande og ekkelt.

Då veit du det, neste gong du kjenner denne kjensla. Det heiter grima.