Kongen av Antarktis er i ferd med å forsvinne

Ny studie viser at kongepingvinen er i ferd med å verte utrydda.

Studien, som fyrst vart omtala i tidsskriftet Nature Climate Change, viser at 70 prosent av dagens 1,1 millionar kongepingvin-par vil forsvinne eller flytte før dette århundret er omme.

Kongepingvinar er den nest største arten av pingvin, etter keisarpingvinen.

Maten forsvinn

Dei får ungar på bestemte øyer der det er lett å kome til sjøen. Dei legg nemleg på svøm etter fisk og krill, men oppvarminga av havet gjer at den næringsrike maten forsvinn mot sør. Difor må pingvinane vere vekke frå ungane sine endå lenger for å finne mat.

– Dei må flytte til ein annan stad, eller så vil dei forsvinne, seier Emiliano Trucchi, ein av forskerane bak artikkelen.