Fekk kommentar frå framand mann: – You are so beautiful

Sjølv om det er mykje positivt med sosiale medium, er det også ting som uroar Karoline, Michelle og Molly.

Mange barn har sosiale medium og brukar det mykje. Det er ting som er positivt med det fortel jentene.

Ein kan bli kjent med nye menneskje, og få nye vener, seier Karoline.

Molly nikkar og er einig. Og så får ein oversikt over vener og kan få inspirasjon.

Snakka mykje på skulen

Jentene er veldig einig i kva som er farleg, for det har dei snakka mykje om på skulen.

Det kan vere farleg å bli kjent med feil folk, fortel Michelle.

Ein må vere forsiktig og ikkje vise ansiktet på bilete, seier Karoline.

Og ikkje gi adressa eller telefonnummeret til ukjente, seier Molly.

– Skummelt

Ingen av jentene kjenner nokon som har vorte mobba på sosiale medium, men dei veit om nokon som har fått rare meldingar frå framande personar.

Ei eg kjenner fekk ein kommentar frå ein utanlandsk mann som skreiv «You are so beautiful» på eit bilete av ansiktet hennar. Han er ein gamal mann, og det synest eg er litt skummelt, seier Molly.

Ekstra på vakt

Gamle menn som latar som dei er yngre, er noko vi har snakka mykje om, fortel Karoline. Derfor er dei ekstra på vakt og legg ikkje ut noko dei kan angre på.

Det kan vere lurt  å ha private og lukka profilar. På den måten kan ingen kommentere eller sjå bileta du deler. Sjølv om du har lukka profil må ein vite at eit bilete lett kan spreiast på internett, og ein misser fort kontrollen, seier jentene.