Koding som ein del av undervisninga: Gjer seg klar for framtida

På 7. trinn ved Hasund skule har dei programmering i undervisninga.

Ulstein kommune er med på den digitale satsinga der koding blir brukt gjennom heile grunnskulen. Lærarane får kompetanse innan teknologi via høgskulen i Volda. Dette gjer at elevane ved Hasund skule blant anna har fått prøve å programmere reiserutene til kjende oppdagarar.

BYGGEKLOSSAR: Det ser mest ut som eit puslespel, med bitar som skal passe saman.
(Foto: Urtica555/Wikipedia/CC BY SA 4.0)

Nesten som puslespel

Programmet dei nyttar heiter Scratch. Eit program der elevane kan lage enkle spel og animasjonar.

Scratch er eit programeringsverktøy som er blokkbasert, fortel kontaktlærar Remi Vattøy.

Det ser nesten ut som eit puslespel, der ein set saman kodebrikker for å få dei til å fungere saman. For å nå fram til målet må ein prøve forskjellige brikker og sjå om dei fungerar saman, forklarar han.

– Spennande

Jonetta (12) og Jonatan (12) synest det er spanande å vere med på dette.

Vi får oppleve og lære nye ting, som er veldig interessant, seier Jonatan.

Ja, vi får vere med på å lage spel og små animasjonafilmar, fortel Jonetta.

Remi Vattøy er svært nøgd med at elevane får bruke teknologien til å skape noko.

Elevane må tenke utanfor boksen og vere kreative når det kjem til problemløysinga.

SCRATCH: Programmering er ein del av undervisninga på Hasund skule. Her er lærar Remi Vattøy, Jonetta Sundgot Aarland og Jonatan Nedrelid Strand (Foto:Privat)

Tida flyg

Jonetta har merka at å lage animasjonsvideo tek mykje meir tid enn ho hadde trudd, noko Jonatan også seier seg einig i.

Det tek mykje tid, og det er vanskelegare enn ein kanskje trur, men når vi får det til er det veldig gøy.

Kvifor skal elevar lære programering?

I framtida vil mange av jobbane rette seg mot det teknologiske, der programmering vil vere ein stor del av jobbkvardagen. Det vil nok vere mange framtidsjobbar vi ikkje anar om, som er heilt avhengig av folk som kan dette faget, seier Remi.

På Hasund skule ser det ut som at elevane synest det er både spanande og interessant å ha ein annan måte å oppdage, og forske på.