Du kan vere med på å finne nytt barneombod!

Er du under 18 år kan du seie di meining.

Regjeringen.no skriv at barneombodet skal slutte til sommaren, og treng derfor ein ny person til å ta over.

Sidan barneombodet skal vere på lag med barna, vil dei vite kva barn og unge synest er viktig når dei skal velje nytt barneombod.

No vil dei ha hjelp frå deg som er under 18 år. Har du meiningar?

Skriv ein mail innan 25. februar. Send til postmottak@bld.dep.no

Sjå video om kva barneombodet gjer, og kva rettar du har som barn.