Bli med på skrivekonkurranse!

Skriv om miljøet vårt, sosiale medium eller om å ta vare på kvarandre – og vinn fine premiar!

Vel ei av oppgåvene nedanfor og skriv til oss. Om ikkje klassa legg opp til å skrive, kan du sjølvsagt vere med uansett.

Premiar: 1. premie: 500 kroner og abonnement på Framtida junior i 2 månader.

Alle klasser som er med i konkurransen er med i trekkinga av abonnement på klassesett av papiravisa vår Framtida junior i 2 månader.

Fristen for levering er 23. mars.

Slik gjer du det:

  • Du kan velje mellom tre oppgåver.
  • Sjanger: du kan velja mellom faktaartikkel, avisinnlegg eller dikt.
  • Oppgåva må skrivast på nynorsk.

Du kan velje mellom desse oppgåvene:

OPPGÅVE 1

TEMA: Sosiale medium

OPPGÅVE 2

TEMA:  Å ta vare på kvarandre

OPPGÅVE 3

TEMA: Miljøet vårt

KRITERIA DU MÅ HA MED

(Ei sjekkliste før du sender inn)

Dette har eg med Eg har med (kryss ut)
Eg har ei overskrift som passar til teksta.
Oppgåvenummeret står tydeleg merkt.
Namnet mitt, alder og skulen sitt namn står under overskrifta.
Eg har valt ein sjanger som eg kjenner meg trygg på. Sjangeren eg har brukt har eg oppgitt ved sida av namnet mitt.
Eg har skrive ein samanhengande tekst. (Dette går ut dersom du har skrive poesi).
Eg har brukt skriftstorleik 12.
Eg har brukt fonten – Times New Roman
Teksta er ikkje lengre enn 1300 teikn med mellomrom (ikkje ord).
Eg har fått godkjenning av lærar/føresette til å vere med i konkurransen.
Eg sender det til tips@framtida.no og merker emnefeltet med SKRIVEKONKURRANSE