OPPSKRIFT: Grønsaker med tre slag dip

Samle saman vennegjengen, snurr film, og nyt!

GRØNSAKER

  • ½ raud paprika
  • 1 pose sukkererter
  • ½ slangeagurk
  • ½ blomkål
  • ½ brokkoli
  • 2 gulrøter
  • 2 skiver kålrot

SLIK GJER DU:

  1. Vask og reinsk grønsakene.
  2. Del dei i fingertjukke stavar. Del blomkål og brokkoli i små bukettar.
  3. Set grønsakene i glas eller legg dei på eit fat.

 

DIP 1: HUMMUS

  • ½ boks hermetiske kikerter
  • 1 ms sitronsaft ½ dl olje (olivenolje)
  • ¼ ts salt litt finhakka persille

 

SLIK GJER DU:

  1. Skyl kikertene godt i eit dørslag. La vatnet renne godt av.
  2. Ha alle ingrediensane i ein hurtigmiksar og køyr miksaren til du har ein heilt glatt puré med mjuk konsistens. Du kan òg bruke stavmiksar.
  3. Smak til med salt og sitron om nødvendig. Dryss litt persille på toppen. Det er godt å blande inn litt sesamfrøpasta (tahini). Det set ekstra god smak på hummusen.

 

Den største gleda ein kan ha, det er å gjera andre glad

 

DIP 2: URTEDIPP

  • 1 dl hakka friske urter
  • 2 dl lettrømme
  • 1 båt finhakka kvitløk
  • ¼ ts salt eller urtesalt
  • ¼ ts pepar

 

SLIK GJER DU:

  1. Plukk vekk dei grovaste stilkane på urtene. Sjekk at det ikkje er jord eller skit på urtene. Bruk ein skarp kniv og hakk urtene så fint du kan.
  2. Ha urtene i ei skål og bland inn lettrømme, hakka kvitløk, salt og pepar. Set dippen kaldt til han skal serverast. Dersom de ikkje har friske urter, kan de smake til dippen med tørka krydder som paprika, chili, kajennepepar, koriander eller karri. Litt sitronsaft smaker òg godt. De kan òg bruke tørka urter, men då bør dippen få stå ei stund før servering, slik at smaken får utvikle seg.

 

DIP 3: ROSA DIPP

  • ½ raud chili
  • 2 ms søt chilisaus
  • 2 dl lettrømme
  • ¼ ts salt eller urtesalt

 

SLIK GJER DU:

  1. Del chilien på langs og ta ut frøa. Finhakk chilien med ein skarp kniv.
  2. Bland chilisaus med finhakka chili og rømme. Smak til med salt.
  3. La sausen stå kaldt i ca. 15 minutt før servering.

 

(Kjelde: MATPRAT/MATOPEDIA)