Verdas største nettbokhylle

No kan du lese mange av dei gamle klassikarane frå mellom anna Anne-Cat Vestly, Alf Prøysen, Haldis Moren Vesaas, Oluf Falck-Ytter og Ingvar Ambjørnsen gratis på nett.

FAKTA OM BOKHYLLA.NO
  • Nasjonalbiblioteket starta i 2006 ei digitalisering av alle samlingane sine.
  • Digitaliseringa sikrar at bøkene blir bevart for framtida.
  • Bøkene på Bokhylla.no er fritt tilgjengelege for lesing på nett for alle med norsk IP-adresse.
  • Bøker som ikkje lenger er opphavsrettsleg verna, kan i tillegg lastast ned og skrivast ut.
  • Noreg er så langt det einaste landet i verda som har fått til ei slik teneste.
LES FAKTALUKK FAKTA

Kring 250 000 bøker gjevne ut i Noreg til og med år 2000 kan du no finne i bokhylla.no.

– Eg meiner at litteratur og kunnskap skal vera tilgjengeleg for alle, seier kulturminister Trine Skei Grande.

NASJONALBIBLIOTEKET: Bildet over er tatt under markeringa av bokhylla.no torsdag 1. februar. Frå venstre kulturminister Trine Skei Grande, direktør for Nasjonalbiblioteket Aslak Sira Myhre og administrerande direktør i Kopinor Yngve Slettholm.

Stor jobb

Det er Nasjonalbiblioteket og Kopinor som har gjort dette mogleg.

– Sidan 2006 har Nasjonalbiblioteket jobba med å digitalisera samlinga. Vi har nådd eit mål mange meinte var umogleg å gjennomføra, seier direktør Aslak Sira Myhre. 

Ingen andre har klart det

Det vekte stor merksemd då Noreg i 2012 som fyrste land i verda kunngjorde at alle bøker som var gjevne ut til og med tusenårsskiftet, skulle digitaliserast og leggjast fritt ut på nettet for heile befolkninga.

Nasjonalbiblioteket og Kopinor vil i laupet av 2018 innleia samtalar om ei mogleg utviding av avtalen til å omfatta bøker gjevne ut seinare enn 2000.