President Trump fekk tilbod om å låne gulldo

Guggenheim museum svara at president Trump kunne få låne ein gulldo då han spurte om å få låne eit maleri, melder CNN.

Det kvite hus i USA, der president Donald Trump bur, sendte ein e-post til Guggenheim Museum i New York for å spørre om dei kunne låne eit maleri av kunstnaren Vincent Van Gogh. Museumet svara med å tilby presidenten eit toalett laga av gull.

Doen kan brukast

Gulltoalettet vart laga av den italienske kunstnaren Maurizio Cattelan, og hadde fått namnet “America”.

Utstillinga som doen var ein del av, vart sett opp på museet som eit ekte bad – der folk kunne bruke kunsten. Difor er doen heilt ekte, og museumet tenkte at presidenten kunne få låne denne med seg heim.