Ein ny farsott? – Sei hei til «Squishies»

I fjor var det fidget spinners som gjeldt. Så blei alle hekta på heimelaga slim. I år ser det ut til at mjuke gummidingsar tek over plassen.

Foto: Produsentane

Squishies luktar godt, er mjuke å klemme på og finst i alle mulege variantar. Kaker, frukt, bamsar og dyr. Ja, eigentleg alt du kan tenke deg.

Squishies kjem eigentleg frå Japan og har vore svært populært i Asia, før USA fekk auga opp for gummidingsane. No er det altså Europa og Noreg som står for tur. Barna har oppdaga dette gjennom internett og YouTube.

I New York Magazine blir squishies omtala som å ha ein beroligande effekt, på same måte som fidget spinners har.

Ordforklaring: Ein farsott er eit fenomen som breier seg fort og vidt.

Foto: Produsentane
Foto: Produsentane