Aaaaatcho!! – Høgsesong på influensa

No om vinteren er det vanleg å høyre folk snakke om influensa. Det er ikkje det same som å vere forkjøla.

Symptom på influensa

  • Høg feber
  • Vondt i kroppen
  • Hovudverk
  • Hoste og snørr

Sjukdomen varar gjerne opp mot ti dagar eller meir. Influensa er normalt ikkje farleg for oss, men for eldre og sjuke kan det vere farleg. Det er difor mange, spesielt eldre, vaksinerar seg mot influensa.

Influensa er virus som er svært smittsamt. For å unngå å bli smitta er det viktig med god handhygiene, då særleg før ein skal ete mat. Sidan influensa er ein virussjukdom kan ein ikkje ta medisin for å bli frisk. Kroppen sitt imunforsvar må behandle deg sjølv.

Blir ein sjuk må ein ta det med ro og vere heime for å bli frisk og for å unngå å smitte andre. Det er vanleg at ein treng nokre dagar på å kome seg tilbake til normalen igjen, etter å ha vore sjuk. Influensa sit lengre i kroppen enn ei vanleg forkjøling.

Gode råd for å unngå å bli sjuk

  • Vask hender godt!
  • Lukk vasskrana med toalettpapir.
  • Ha eigen handduk heime.
  • Ikkje drikk frå samme glas eller flaske.

Gode råd dersom du er sjuk

  • Drikk mykje.
  • hald deg i ro, og sov så mykje du kan.
  • ta eventuelt hostemedisin.
  • Ta eventuelt smertestillande medisin.
  • Gå til legen dersom symptomane ikkje har avtatt etter ei veke.