Dama som forandra alt

– Eg gir boka terningkast 6, fordi historia engasjerar, og fordi boka kanskje kan vere med å få slutt på rasismen.

Tittel: Rosas buss
Forfattar: Fabrizio Silei. Frå italiensk ved Guri Vesaas.
Sjanger: Biletbok om rasisme
Forlag/år: Samlaget 2012
Sidetal: 38

Boka handlar om at bestefaren skal ta med Ben til «The Henry Ford Museum» Langt inn i museet står ein gamal buss. I den bussen har bestefaren til Ben ei dramatisk historie han har vore med i, som han vil fortelje. Han fortel om då Rosa ikkje ville gi frå seg setet i bussen til kvite amerikanarar, sjølv om raselovene krevde det. Det var ein desemberdag i 1955. Dette kan bestefar alt om fordi han var der sjølv.

Det eg liker med boka er at forfattaren klarer å formidle den ekte historia inn i ei forteling. Den har og mange bilder som hjelper deg å forstå det som skjer. Historia har overraskingar som gjer det spanande å lese. Det einaste som trekk litt ned er at det ikkje er sidetal eller kapittel i boka.

Forfattaren er Fabrizio Silei som er ein italiensk barnebokforfattar. Han har skrive mange bøker.

Eg synest boka var læringsrik på berre dei 38 sidene. Eg vil anbefale boka til dei som er glad i historie om fortida og som er rundt 10 år. Boka er spanande, og den har med alt den treng. Eg gir boka terningkast 6, fordi historia engasjerar, og fordi boka kanskje kan vere med å få slutt på rasismen.

Bokmelding skrive av Selma Eide-Storøy ( 11 år ) frå Tjørvåg