Energidrikke kan vere farleg for barn

Høgt innhald av koffein kan vere skadeleg for barn. Barn skal difor ikkje drikke energidrikke.

Koffein er eit stoff som finst naturleg i mange planter. Koffein er naturleg i mellom anna kaffi-, guarana- og tebuska som vert brukt til å laga kaffi, te, cola og energidrikke.

Dei som drikk koffeinholdig drikke gjer det for smaken, men òg for den oppkvikkande effekta.

Barn toler koffein dårlegare enn vaksne, og difor vert barn åtvara med å få i seg for mykje av dette.

For høgt inntak kan påverke hjarterytma og blodtrykket og gje søvnforstyrring, adferdsendringar, uro i kroppen, nervøsitet, anspent og angst. I tillegg er koffein vanedannande. Det vil seie at kroppen kan verta anhengig av stoffet.

Det er registrert barn/ungdomar i Noreg som har fått påvist svikt i fleire organ, mellom anna nyresvikt.

kjelde: matportalen.no