Lag di eiga frukostblanding

Denne miksen av godsaker gir deg ein super start på dagen!

Ingrediensar:

FOTO: Matprat

4 matskeier valnøtter

4 matskeier hasselnøtter

1 desiliter appelsinjus (eller annan fruktjus)

1 matskei margarin

1 matskei sukker

1 matskei honning

6 desiliter havregryn

1 desiliter solsikkekjernar

3 matskeier sesamfrø

 

Slik gjer du:

1. Set steikeomnen på 140 °C og legg bakepapir på eit steikebrett.

2. Grovhakk nøttene.

3. Ha jus, margarin, sukker og honning i ein liten kjele.

4. Varm opp mens du rører. Rør til sukkeret er oppløyst.

5. Bland saman dei andre ingrediensane i ein bolle.

6. Hell jusblandinga over i bollen og bland alt saman.

7. Fordel frukostblandinga jamt utover på steikebrettet med ein sleikepott.

8. Set brettet midt i steikeomnen.

9. Bruk gryteklutar og ta steikebrettet ut av omnen etter ca. 30 minutt.

10. Rør i frukostblandinga med ein rørespade og steik vidare i 15–20 minutt.

11. Bruk gryteklutar og ta steikebrettet ut av omnen igjen. Avkjøl blandinga og et henne med mjølk eller jogurt og friske bær eller frukt i bitar.

(KJELDE: MATPRAT/MATOPEDIA)