Noreg vann rettsak mot miljøorganisasjonar

Tre miljøorganisasjonar saksøkte staten fordi dei meiner Noreg går imot Grunnlova på grunn av oljeboringa. Grunnlova seier at vi skal ta vare på miljøet.

Miljøorganisasjonane tapte rettsaka, torsdag 4. desember. Retten sa at staten ikkje har brote ein del av grunnlova.

Retten er einig med miljøorganisasjonane om at vi skal ta vare på miljøet, men meiner at olja som blir pumpa opp ikkje blir brukt av Noreg sjølv, og difor er det ikkje Noreg som forureinar.

Miljøorganisasjonane meiner at miljøproblematikken ikkje har noko landegrense, og at Noreg må stå ansvarleg.

Om miljøorganisasjonane vil anke, og be om ein ny rettsak, er ikkje klart.

Paragraf 112 frå Grunnlova:

§112: Alle menneske har rett til eit godt miljø som tek vare på helsa vår, og tek vare på naturen vår. Det er nemleg ikkje berre viktig for oss, men også dei som kjem etter oss.