Likar du “Dødslekene” likar du denne

Til trass for at boka er ei blanding av tre ulike språk, har ekteparet Hilde K. Kvalvaag og Sturla Bang lykkast i å skrive ei fengande bok.

Tittel: Under (Del ein av ein triologi)
Forfattarar: Sturla Bang og Hilde K. Kvalvaag
Sjanger: Spaningsroman
Forlag/år: Samlaget/2017
Passar for: 13+
Sidetal: 248

Ela har vokst opp på ein barneheim i framtidige Kina. Historien er satt så langt fram i tid at vår framtid blir deira fortid. I løpet av den tida har mykje hendt i verda.

I likskap med alle andre jenter jobbar Ela på ein fabrikk styrt av Ingmor. Ho er ein leiar som styrer med jernhand. Ho er moderleg og vakker, men under hennar vakre fasade skjer dei grusommaste tinga. Og det oppdagar Ela, som blir starten på eit stort opprør.

Leiar ein revolusjon

“Under” er ein spennande ungdomsroman med sterke kvinnelege karakterar, som på mange måter liknar på Suzanne Collins’ “Dødslekene”. Hovudpersonen har ei lillesyster som ho må redde og ein revolusjon ho må leie. Ein revolusjon er ein endring som har skjedd i løpet av kort tid.

Forfattarane si bok skil seg ut med å ha eit språk som er ein blanding av nynorsk, svensk og kinesisk. Dette kan vere litt vanskeleg å følgje med på,  sjølv om boka kjem med ei ordliste som forklarar dei nye omgrepa.

Fullstappa av action

“Under” er den første boka i triologien Søsteranarkistane. Den er så stappa med action-fylte augeblikk at ein blir nærmast andpusten av å lese. Boka avsluttar midt i kanskje det høgaste spenningspunktet, noko som gjer det vanskeleg å la vere lese neste bok. Når neste bok kjem er ikkje satt.

Likar du “Dødslekene” likar du garantert “Under”. Og i likskap med “Dødslekene” gjer blodige skildringar og noko grovt språk (dog på kinesisk) at denne boka ikkje passar for dei minste. Denne boka passar kanskje best for dei so er 13 og oppover.

Høyr forfattarane lese frå boka