Å lese høgt gjer at du hugsar betre

Skal du ha ein prøve på skulen? Les det du skal hugse høgt for deg sjølv eller andre! Det gjer det enklare, ifølgje ein ny studie.

Å lese ein tekst høgt, gjer nemleg at vi får lagra orda i den delen av hjernen som lagrar informasjon i lang tid, skriv forskning.no.

Dobbel læring

Det er det at vi les og høyrer oss sjølv samstundes som gjer susen, meiner forskarane som har jobba med studien som vart publisert i tidsskriftet Memory.

– Når vi les høgt for oss sjølv, blir ordet meir tydeleg i langtidshukommelsen, og lagra lettare, forklarar professor Colin M. MacLeod ved psykologisk institutt ved Waterloo University i Toronto, Canada.

Akkurat kvifor det er slik, er ikkje han sikker på.