Om natta er hjernen på vaskeriet

Forskarar har funne ut at hjernen blir vaska når ein søv. Denne vaskinga skjer heilt til ein vaknar igjen.

I løpet av dagen hopar det seg opp med avfallsstoff og overflødig væske i hjernen.

I hjernen er det to ulike celler som kallast for nerveceller og gliaceller. Det er gliacellene som gjer hjernevaskinga mogeleg. Gliacellene legg seg rundt blodårene i hjernen. Gliacellene har små vasskanalar og fungerer som eit reingjeringssystem.

Om natta når ein søv startar hjernen i gong med å pumpe ein straum av overflødig væske gjennom vasskanalane i cellene. På den måten skylles avfallsstoff vekk.

Om ein ikkje søv nok blir kanskje ikkje hjernen vår skikkeleg reingjort.

Difor er det viktig å få nok søvn, og ein bør legge vekk mobil og nettbrett i senga.

Saka blei fyrst omtala i forskningsrådet.no og nysgjerrigper.no