Du kan sjå 120 stjerneskot i timen

Torsdag morgon er det størst sjanse for å sjå meteorsvermen over nattehimmelen. Er du svært heldig, kan du få sjå opp mot 120 stjerneskot i timen, melder NTB.

Meteorsvermen Geminidene kjem kvart år, men i år vert det ekstra lett å sjå stjerneskota grunna lite lys frå månen.

Rundt kl. 7.30 torsdag morgon er det størst sjanse for å sjå, men allereie frå onsdag kveld aukar sjansen.

Alle i landet kan sjå stjerneskota, med det blotte auga. Prøv å finne ein stad der lys frå bygningar ikkje nattehimmelen.

Astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard og science-fiction-forfattar og vitskapsformidlar Anne Mette Sannes forklarar kva som skjer:

– Årsaka til at vi får sjå Geminide-svermen er at jorda passerer gjennom dei tettaste delane av støvbåndet frå asteroiden som har namnet “3200 Phaethon”. Støv og sandkorn kjem inn i atmosfæren i full fart (127 000 kilometer i timen) og brenn opp.

Det er dette du ser på himmelen som stjerneskot.