Kvifor ser du deg sjølv opp-ned i ei skei?

Har du ete suppe og sett at du er opp-ned inne i skeia. Kvifor er det slik? Her får du svaret.

I ei skei som bøyer seg, skjer det noko med lyset.

Lyset som treff ansiktet ditt treff høgt opp på skeia, men sidan skeia er bøygd innover, reflekterer lyset nedover i staden for å reflektere det rett tilbake.

I ein vanleg spegel, eller på baksida av skeia vil lyset gå rett tilbake.

Lyset i den bøyde skeia går nedover, og blir reflektert endå ein gong før den kjem tilbake til auga dine.

Lyset byter rett og slett plass.

Litt vanskeleg å forstå? Ta fram ei skei og sjå sjølv. Studer skeia og les denne teksten ein gong til.