Snap – 13 års aldersgrense?

Mange barn har Snapchat, også dei som er under 13 år. Dei som laga Snapchat sette ei aldersgrense på 13 år, men er det slik i Noreg?

Heime i Ulsteinvik sit Emma Louise Skeide Lund (12) og mor hennar, Veronika Skeide Kvalsund, med kvar sin mobil. Emma Louise har nettopp sendt mor hennar eit bilete av seg sjølv med snapfilter. Emma Louise fekk Snapchat då ho var elleve, sjølv om aldersgrensa for Snapchat eigentleg er 13.

Ifølgje Medietilsynet i Noreg, finst det inga norsk lov som seier kva aldersgrense som gjeld for dei ulike media, men Snapchat har ei aldersgrense på 13 år, satt av dei som har utvikla tenesta.

I 2018 kjem det nye aldersreglar på sosiale medium. Dette skal dei norske politikarande finne ut av. Korleis desse blir veit vi enno ikkje.

Det er noko alle har

Emma Louise fekk Snapchatt som elleveåring. Ho har tydelege reglar, og legg aldri til folk ho ikkje kjenner. Foto: Veronika Skeide Kvalsund
Emma Louise fekk Snapchatt som elleveåring. Ho har tydelege reglar, og legg aldri til folk ho ikkje kjenner. Foto: Veronika Skeide Kvalsund

Veronika fortel at etter mykje masing fekk Emma Louise mobil då ho var åtte. Det viste seg at nesten samtlege i klassa hadde fått i så ung alder.

– Då Snapchat dukka opp blei dette også diskutert, og alle mødrene til jentene i klassa oppretta ein privat chat på Facebook, der vi diskuterte og blei einige.

Mor til Emma Louise synest det er vanskeleg å vite kva som er rett og gale. Sosiale medier er ein stor del av kvardagen for mange barn, og det føles feil å stenge barnet sitt ute frå denne aktiviteten.

Emma Louise fortel at foreldra ikkje har full kontroll på kva ho legg ut, men at far hennar sjekkar av og til mobilen, og går gjennom kva som er på han. Det synest Emma Louise er greit.

Tydelege reglar

Medietilsynet si undersøking viser at 65 prosent av alle niåringar har snapchat. Emma Lovise veit at ho eigentleg ikkje er gamal nok, men synest Snapchat er ein fin måte å ha kontakt med vennene sine.

– Alle i klassa mi har Snapchat, og eg har tydelege reglar for kva som er lov og ikkje lov.

Emma Louise og foreldra har snakka saman, og hovudregelen er at Emma Louise ikkje sender bilete som ho ikkje vil at mange skal sjå. Når ein har ein slik regel, kan det vere med på å stoppe opp og tenke seg om, før ein sender eit bilete.

– Eg trur at openheit og samtale er viktig. Snakk til barnet, og la dei forstå at det kan vere folk der ute, som ikkje er den dei utgir seg for å vere, seier Veronika.

Modenheit er det viktigaste

– For meg som forelder var det viktig at vi snakka om kva retningslinjer ein må ha når ein bruker sosiale medier, seier Veronika.

– Men framfor alt er modenheit viktigast.

– Eg legg aldri til folk eg ikkje kjenner. Når nokon legg meg til, spør eg alltid kven dei er. Dersom eg ikkje kjenner dei, slettar eg dei, seier Emma Louise.

Ver klar over at viss barna registrerer seg på ein nettstad før dei er gamle nok, må dei lyga på alderen for å opprette ein profil.”

Sitat: Medietilsynet.no

Les meir om aldersgrenser på sosiale medium på medietilsynet.no