Bli med inn på biblioteket der INGEN vaksne får vere

På Biblo Tøyen i Oslo er det strengt forbode for vaksne å vere. No er biblioteket nominert til ein stor pris.

Det er tre bibliotek som er nominert. Det er Gulskogen Skulebibliotek i Drammen, Stormen bibliotek i Bodø og Biblo Tøyen i Oslo.

For å sjå bilete må du bla i galleriet ovanfor.

Meir enn eit bibliotek

Biblo Tøyen er eit barnebibliotek som ikkje er som alle andre bibliotek. Aldersgrensa her er frå 10 – 15 år. Ingen under, og ingen over den grensa får kome inn. Dei einaste vaksne er dei som jobbar på biblioteket.

Reinert Mithassel er dagleg leiar for Biblo Tøyen

Her er det ingen tvang, men vi prøver å freiste med det vi har å tilby. Barna får oppdage, erfare og gjere ting i samspel med andre. Det er viktig for oss, seier Reinert Mithassel, som er dagleg leiar for Biblo Tøyen.

Reinert fortel at det kjem vaksne innom, men dei blir alltid stoppa i døra.

Det synest alle er greit. Det blir ein eksklusivitet for barna å vere her inne, seier han.

Skal vinne Grammy

Her er eit hav av bøker å lese, men det er også tilbod om leksehjelp, matkurs og dataspel som barna får bruke. Barna kan slappe av og vere kreative i eit stort rom som innbyr til alt frå leik og moro til lesing og sosiale aktivitetar. Reinert fortel at målet med Biblo Tøyen er å vere eit univers som til stadig byr på overraskingar.

Ein som har vore her mykje er Abdullani Mandi Hussein. Han trivst godt på biblioteket.

Eg får vere på ein stad der eg får kose meg inne i varmen. Eg slepp å vere ute å henge.

Adullani brukar dei fleste tilboda dei har, mellom anna ein tekst-lab, som dei har ein gong kvar veke. Her skriv dei tekstar og jobbar saman i grupper.

Mitt mål er å bli rappar og vinne Grammy. Og det får eg øve meg på her, seier han.