Lag dine eigne animerte videosnuttar

Desse appane let deg sende små kule videosnuttar som vert spela av direkte på telefonen til venen din.

Fakta om GIF-fil:

Gif er ei type fil, og dei tre bokstavane står for Graphic Interchange Format. Det er eit vanleg fil-format på internett. Du kan lagre diverse bilete, logoar, animasjonar og slikt med Gif (Wikibooks.org)

LES FAKTALUKK FAKTA

Det er enkelt å finne ein ferdig laga video, men det finst også appar der du kan vera kreativ og legge tekst og filter på dine eigne små snuttar, skriv Dinside.no.

Mac: Giphy Capture

Giphy Capture lar deg gjera eit opptak av alt som skjer på skjermen din innanfor eit avgrensa område. Slik kan du ta eit utdrag frå ein YouTube-video eller kva video du ønskjer. Etterpå kan du klippe den til, velge om den skal spelast av på vanleg vis, eller i revers, altså baklengs, eller i ping-pong (skiftar mellom vanlig og baklengs). Du velger størrelsen, og du bestemmer om du vil sette på en tekst på biletet. Når du er ferdig, kan du lagre fila på maskina eller laste den opp til Giphy-kontoen din på nett.

Windows: Giffing Tool

Denne fungerer på samme måten som Giphy Capture (over). Du teikner ein firkant på skjermen, og så vert innhaldet spela inn. Denne appen let deg også kombinere fleire klipp, og du kan sette inn ein tekst, og velge filtre. Du kan laste ned appen,

Android: Gif Me!

Denne appen gjer det mogeleg å lage animerte GIF-ar av videoar du har lagra på telefonen, eller du kan nytte kameraet for å lage ein animert GIF direkte. Appen let deg også legge på tekst, redigere rekkefølge på bileta, og legge på fargeeffektar og ramer.

iOS: Giphy cam

Giphy cam tilbyr eit lass med effektar og filtre, og kan dessutan lagre resultatet som ei vanleg videofil (MP4), slik at du også kan dele den på Instagram. Appen er gratis.