Desse gutane er mest poppis på YouTube

Har du ein YouTube-favoritt som burde vore på lista?

I ei spørjeundersøking frå Medietilsynet fekk barn spørsmål om favorittkanalar på YouTube.

  • Blant alle gutane var det «Prebz og Dennis», «Noobwork», «Pewdiepie» og «KSI» som kom på topp.
  • Blant alle jentene var det «Pewdiepie», «Hanna Martine», «My life as Eva» og «Zoella» som kom ut som favorittane.

Prebz og Dennis på topp

Blant både gutar og jenter i aldersgruppa 9 til 11 år, er det 13 prosent som følger kanalen «Prebz og Dennis», medan ti prosent føretrekk «Noobwork». Elles er også «Disney» og «NRK Super» svært poppis!

Pewdiepie poppis blant litt eldre

For dei litt eldre, i alderen 12 til 14 år, er «Pewdiepie» mest populært å følge på YouTube, mens «Prebz og Dennis» følger like bak. Blant dei eldste barna, som er 15-16 år, er det «Pewdiepie» som ligg på topp med ni prosent. «KSI» og «Zoella» er også ganske populære kanalar blant 15–16-åringene.

(Barn og medier)