289 levande artar flytta med tsunami

For seks år sidan var det ein enorm tsunami som traff Japan, og med seg attende til Stillehavet tok havet med seg store mengder skrot.

Millionar av vrakrestar, frå små plastbitar til heile fiskeskøyter og brygger, vart skylt med ut i havstraumane. Med på reisa vart dyr og planter som levde langs kysten.

289 levande artar

No har forskarar studert kva skapningar som vart med på den lange ferda, og så langt har dei funne 289 levande artar som har haika frå Japan. Desse artane har kome til Hawaii, Alaska og California, og ingen av dei har tidlegare vorte observert seilande mellom kontinent på dette viset, skriv tidsskriftet Science.