Ein UFO har landa

Finst UFO? Er romvesen ekte? Dette er spørsmål som har vore diskutert i mange år. For er det nokon som veit kva som er sant?

Fyrst må vi forklare kva UFO er. UFO er ei forkorting for “Uidentifisert Flygande Objekt”, og blir brukt til å forklare fenomen på himmelen som ingen heilt klarer å forklare kva er.

Romvesen er altså skapningar som visstnok lev ein annan stad enn her på jorda.

Det er mange som meiner at dei har både sett og møtt romvesen og UFOar. Det er mange som oppriktig trur at dei finnst, men heilt sikre kan ein ikkje vere. Dei flygande tallerkenane er eit stort mysterium som ingen har klart å finne svaret på.

Ein mystisk UFO-ring

Ringen er svær. Nord-sør-retning er på 12 meter, og aust-vest er ringen på 25 meter. Foto: skjermgrabb/ NRK
Ringen er svær. Nord-sør-retning er på 12 meter, og aust-vest er ringen på 25 meter. Foto: skjermgrabb/ NRK

På Espevær, ei øy i Bømlo kommune i Hordaland, hende det noko som framleis er eit stort mysterium.

For over 40 år sidan dukka det opp ein ring på bakken som ingen har funne ei naturleg forklaring på. Ringen er framleis synleg.

Botanikarar, ekspertar på planter og jord, klarte ikkje å gje noko god forklaring på kva dette fenomenet var. Og heller ikkje no, 40 år seinare, er ein sikker på kva som er årsaka til denne ringen.

Heilt sidan påska i 1976, då ringen vart oppdaga, har det vore spekulert i om ringen har vorte til av ein UFO som har landa der.