Slettefest!

Barnevakten.no og Datatilsynet anbefaler alle å ha ei skikkeleg digital reingjering kvart år. Då kan du invitere foreldra dine eller klassen med på ein skikkelig slettefest!

Slettetips:
  • På byrjinga eller slutten av kvart skuleår kan du og foreldra dine rydde i den digitale verda. Tenk over kva appar du har nytta i skulearbeidet, og nullstill historikken. Sjekk om det er noko anna du kan slette. Ein del kan du nok ikkje slette, sidan læraren er den einaste som kan logge inn. Men, slett det du kan.
  • Kvart år kan du ta kopi av skuleinnleveringar. Hent ut kopiar frå systemet eller be skulen sende dei til deg.
  • Dersom du har nettbrett på skulen, og skal levere det tilbake, kan du sette den attende i fabrikkinnstilling. Det kan foreldra eller læraren din hjelpe deg med.
  • Ta opp sletting på skulen, kanskje læraren vil arrangere ein slettedag for klassen før sommarferien?

(Barnevakten.no)

LES FAKTALUKK FAKTA

– Det er sunt å gå tilbake å sjå på gamle bilete, filmar og filer som du har delt, og slette det du kan – både åpent og i lukka grupper på sosiale medier. Du forandrar deg, og noko du synest var ok å dele i fjor, er kanskje ikkje like stas lenger no, seier Guro Skåltveit, seniorrådgivar i Datatilsynet.

Ho har snakka med fleire som faktisk vert overraska når dei ser tilbake og oppdagar ting som dei heilt har gløymt at dei har delt.

– Ei reingjering er difor ei sunn øving, seier ho.

Google deg sjølv

– Det er også lurt om du googlar deg sjølv av og til, for å sjå kva som finst av informasjon ute på nett. Mange har blitt overraska over ting dei finn om seg sjølv, men som andre har delt, fortel Guro.

Ligg det noko i søket på Google du ikkje synest er greit, kan du be Slettmeg.no om hjelp.

Bilete på skulen

– Når det gjeld bilete som skulen tek, sender dei ofte ut eit skjema som foreldra svarar på. Der skal foreldra svare på om det er greit eller ikkje at skulen tek bilete av deg, men, her bør di meining også gjelde. Synest du det er ubehageleg at det vert lagt ut bilete av deg på nett, bør dei vaksne lytte til det, seier Guro.

Kontroll på spora

Det er viktig å passe på sin eigen informasjon, og det kan du til dømes gjere saman med foreldre og lærarar.

– Det å ha kontroll på eigne opplysningar er frykteleg viktig. Du har ofte rett til å få ting sletta, om nokon til dømes har lagt ut eit bilete av deg du ikkje er komfortabel med. Men om du ikkje veit at det er lagt ut på nett, kan du ikkje passe på rettane dine, seier ho.