Mange millionar skal delast ut. – Korleis vil skulen merke det?

Synest du det er altfor mange elevar i klassa di, og for få lærarar som kan hjelpe deg? No kan det sjå ut til at det blir betre.

I dag presenterte finansmininster Siv Jensen planane for statsbudsjettet for 2018.

Regjeringa vil auke med 100 millionar kroner til tidleg innsats i barnehagen og skulen. Dei vil også gi kommunane 200 millionar kroner som kommunane kan bruke fritt til å betre skulen til 1.-4.trinn.

Kunnskapsminister Henrik Asheim seier til Dagbladet at norsk skule er på rett veg, og at elevane lærer meir og er meir til stades. Men det er framleis mange elevar som bør bli betre på å les og rekne. Dette vil regjeringa endre ved å gi meir pengar til skulane.