Kor gamal må ein vera før ein kan få seg kjæraste?

Festivalforfattar Bjørn Sortland spør 2.klassingane ved Hystad skule. Mange elevar rekk opp ei hand inne på Sunnhordland museum.

– 18 år, seier ei jente.

– Nei, 19 år! roper ein gut.

– Går det an å vera forelska før det? spør Bjørn Sortland.

Ein gut seier det går an når ein er sju år eller åtte år.

Bjørn er einig.

– Eg har vore forelska, seier Jens Skorpen Myhre (7).

– Men det var kjedeleg.

– Me var kjærastar i barnehagen og litt i førsteklasse, fortel Laura Tranøy Forth (7).

No er dei berre venner. Det er fint det òg.

Fantasidyr
Bjørn Sortland har lese frå boka si Plutseleg ville eg ikkje laga dorull-dyr lenger. Boka har han laga saman med illustratør Øyvind Torseter. Øyvind er også med under Falturiltu, og får hjelp av elevane til å laga ei elefanthavfrue.

– Det var gøy å høyra på Bjørn, seier Jens. Og han er samd med Laura at det blei eit morosamt dyr som Øyvind Torseter teikna til dei.

Dei sit attmed kvarandre og lagar dorull-dyr, og klypper til bein, øyre, nase, og hale.

– Det er veldig gøy å vera her på Falturiltu! Det er ei veke med mykje merksemd, seier festivalforfattar Bjørn Sortland.

Kjærleik eller fråvær av kjærleik
Bjørn Sortland er festivalforfattar på Falturiltu. Noregs største barnebokfestival, og den einaste for nynorske bøker. Temaet for festivalen er kjærleik, og eit tema som går igjen i mange av dei 55 bøkene til Bjørn Sortland.

– I det eg skriv handlar det ofte om kjærleik eller fråvær av kjærleik, seier han og legg til:

Øyvind Torseter teikna ei elefanthavfrue etter innspel frå 2.klassingane ved Hystad skule.

– Eg skriv alltid om nokon har noko å mista, at det er noko som står på spel.

– Korleis tenkjer du når du skriv om kjærleik for born?

– Det var ein kollega av meg som sa at det handlar om å ha lojalitet med barnelesaren. Det er eg einig i. At ein skriv i knehøgd med lesaren. At ein ikkje er ein moroonkel som vitsar over hovudet på borna. Det er også greitt å ha ein karakter som ungane kan identifisera seg med, på nokon lunde same alder.

– Elles så tenkjer eg at ein kan skriva om kva som helst.