Framtidajunior Nyhende Vil ha Pokémon Go inn i skulen
Pokémon Go kan bli eit verktøy for å læra om lokalhistorie i skulen. Foto: Anders Veberg

Vil ha Pokémon Go inn i skulen

Pokémon Go kan bli eit verktøy for å læra om lokalhistorie i skulen.

Mobilspelet Pokémon Go har fått ungar og ungdom til å gå rundt i bygd og by på leiting etter nye lommemonster.

Tobias Staaby (bildet), spelpedagog ved Nordahl Grieg vidaregående skole i Bergen, meiner passar mobilspelet Pokémon Go godt til undervisning, til dømes i historie.

– Spelet er av og til er knytt til historiske minnemerke, der spelarane får opp litt tekst med informasjon om det dei ser. For eksempel kven ein statue er av. Slik kan spelet til dømes nyttast i eit prosjekt i lokalhistorie. Elevane går ut og leiter etter slik informasjon i nærleiken av der dei bur, og skriv ei oppgåve om det dei finn, seier Staaby til NRK.no.

Dette er ikkje ørste gong Staaby nyttar spel i undervisninga. Tidlegare har han mellom anna nytta zombie-spelet «The Walking Dead» som grunnlag for diskusjon i etikk og religion.

BOKMELDINGAR OG SISTE NYTT OM BØKER

VIDEOAR