Skriv seg til suksess

Korleis kan ein 3.-klassing klara å skriva like bra som ein 4.-klassing? Og ein 7.-klassing skriva like bra som ein 9.-klassing?

Sagvåg skule og Tjødnalio skule i Stord er blant dei 20 skulane som har vore med på det som truleg er verdas største skriveprosjekt. Målet med prosjektet har vore å finna ut kva ein kan forventa av skrivinga til elevar på ulike klassetrinn.

 

LES OGSÅ: Nynorskelevar dårlegare på rettskriving

Skreiv så blekket spruta
Professor Synnøve Matre meiner det er viktig at skriveoppgåvene som elevane får, har eit klart formål. Ei oppgåve som «Skriv om sommarferien din» har eit meir uklart formål. I staden bør lærarane bli flinkare til å skapa ei meining med oppgåvene.

På Sagvåg skule fekk elevane beskjed om at den populære Melodi Grand Prix skulle bli kutta ut fordi rektor meinte elevane lærte for lite. Lærarane gav dei i oppgåve å skriva brev til rektor og fortelja kvifor Melodi Grand Prix ikkje burde stoppast.

– Elevane skreiv så blekket spruta, smiler rektor Lars Bakka.

Det blei likevel Melodi Grand Prix.

– Har rista litt i oss
Alle elevar er avhengig av gode tilbakemeldingar. Svake elevar treng ros for å byggja sjølvtillit og motivasjon. Men det er ein balansegang med djupe grøfter, ifølgje Lars Bakka.

Lærarane må laga framdriftsplanar med realistiske mål for kvar elev og følgja systematisk med på lesinga og skrivinga til elevane. Ikkje berre i norsken, men i alle faga.

 

Hildegunn Sæbø Heimro fortel korleis ein skriv fakta om ei mus.

– Mykje lettare å gi tilbakemeldingar til elevane
Hildegunn Sæbø Heimro er lærar for 2. trinn no. Ho har vore med frå starten, og er glad og takksam for å hausta fruktene av skriveprosjektet ved Sagvåg skule.

– Arbeidet med skriveprosjektet hjelper oss å laga betre oppgåver som er tilpassa føremålet med skrivinga. Utforminga av oppgåvene er viktig for å få gode svar. Me er òg meir medvitne på kva elevane skal læra og korleis dei kan skriva for å læra, seier ho.

No vurderer lærarane fleire sider av skrivinga til elevane i alle fag.