Abonnementsvilkår Framtida junior

Vilkåra femner om papiravisa til Framtida junior for deg eller den du har bestilt avisa til.

Abonnement

Abonnementet skal betalast på forskot og gjeld til me mottek oppseiing, og uansett ut den betalte perioden.

Ved slutten av ein abonnementsperiode vert abonnementet automatisk forlenga med same lengda som den førre perioden.

Abonnementet skal betalast før forfallsdatoen på faktura. Kjem betaling for seint, gjeld den til kvar tid lovbestemte forseinkingsrenta.
Ved oppseiing gjeld abonnementet ut perioden du har betalt for, men vert ikkje fornya. Restbeløp vert ikkje refundert.

Ved oppseiing av abonnement med bindingstid kjem eit sluttoppgjer for den perioden du har oppnådd ein prisfordel, tilsvarande den rabatten som er gjeve på eit abonnement utan bindingstid.

Du kan velja å stoppa papiravisleveringa i ein periode utan at det påverkar abonnementsprisen. Aldersgrensa for å tinga Framtida junior er 18 år. Angrerettlova gjeld.

Prisar

Levering i Noreg er gratis. Til utlandet kjem Postens portotillegg. For faktura i posten, kjem det eit gebyr på kr. 35,- per faktura.

Framtida junior har rett til når som helst å endra prisen på det løpande abonnementet. Dei nye prisane vert kunngjorde på Framtidajunior.no 14 dagar før utføring. Nye prisar gjeld då for alle typar abonnement frå fastsett dato.

Levering

I dei områda der avisa vert levert av eigen distributør, har me som mål, men garanterer ikkje, å levera papiravisa seinast kl. 07.00. For andre område gjeld leveringstidene til Posten eller andre samarbeidspartnarar.

Dersom levering vert hindra av langvarige tekniske problem, streikar, lockout eller force majeure i meir enn to dagar, vert dette godgjort med tilsvarande forlenging av abonnementet.

Ved endring av leveringsadressa må Framtidajunior.no kontaktast seinast tre yrkedagar før endringa skal tre i kraft.

Rettar

Avfotografering eller kopiering med sikte på gjenbruk er ikkje tillate.

Personopplysningar

Me handsamar personopplysningar i samsvar til norske personvernlover. Ved å akseptera desse vilkåra samtykkjer du samtidig til at Framtida junior kan senda deg marknadsføring i form av nyhende-brev, e-post, sms eller liknande basert på kundeforholdet mellom deg og Framtida junior. Om ein ikkje skulle ynskje å motta slik marknadsføring kan du melda frå til oss på telefon 94875365.

Endring av vilkår

Vilkåra kan verta endra, og dei til kvar tid gjeldande vert oppdatert på vår nettside.

Aksept av vilkår

Ved samtykke av vilkår, gjev du oss samtidig lov til å kommunisera med deg på e-post og mobiltelefon.