Thilda (10) er ein av ambassadørane for årets batterijakt

Thilda og klassevenninna samla inn heile 18 kilo gamle batteri på ein dag! - Vi brukte antibac etter kvart hus og heldt avstand, fortel ho.

Har oppdaga ein ny, skremmande edderkopp

Tilsette i Miami Zoo i Florida, USA, har vore med på å oppdaga ein heilt ny edderkopp. Dei fann den i nærleiken av dyreparken.

Slik er det å ta koronatest: – Sjølv om det er...

Lurer du på korleis det er å ta koronatest? Om det gjer vondt, er ekkelt eller ubehageleg? Me har tatt testen – og ein prat med ein smittevernlege.

Elefantane viste ingen nåde

Elefantane i Kruger nasjonalpark i Sør-Afrika viste ingen nåde då tre krypskyttarar prøvde å stikka av, og tilfeldigvis møtte på ein flokk som var i ferd med å para seg.

«Virusvår» vart virusår

For eitt år sidan vart tekstbidraga til Ameli Eikner (15) og Pia Eiersland (14) tatt med i boka «Virusvår». Ingen av dei hadde trudd at pandemien framleis skulle vera ein del av liva deira.
video

Aurora toppar listene med songen «Runaway» – seks år etter at...

I dag har songen over 190 millionar avspelingar på Spotify. TikTok kan ta mykje av æra for at den har fått eit nytt liv.

Dette gjorde Marielle (13) då ho blei kalla «jævla hore»

– Det er ekstremt skummelt at det er blitt normalt at gutar snakkar slik til oss jenter, seier Marielle Rodrigues (13). Då ein gut kalla ho «jævla hore» fordi ho hadde på ei kort t-skjorte blei ho redd og usikker på kva klede ho kan ha på seg. 

«Eg skal få lov til å gå med ein magetopp utan...

Dei fleste jenter føler seg usikre på seg sjølve fordi dei har blitt slengde stygge kommentarar etter og blitt trampa verbalt på, skriv Marielle (13).

Det norske flagget fyller 200 år – stem på din favoritt

I år er det norske flagget i raudt, kvitt og blått 200 år gamalt. Men visste du at det kunne sett heilt annleis ut?

– Til sommaren skal me klemma

Overlege i Folkehelseinstituttet (FHI), Preben Aavitsland, kjem med ei god nyheit til alle dei som fryktar ein kjedeleg sommar der me får ha lite kontakt med vener og familie.

Delfinar lærer «namna» på venene sine for å danna lag

Dei er dei første i dyreriket som gjer dette, utanom menneska.

Klimaaktivistar vann fram i høgsteretten – Tyskland må skjerpa klimalova

Tyskland må skjerpa sine planar for utsleppskutt innan utgangen av 2022.