Fann 37 år gamal flaskepost

37 år etter at ei gruppe studentar i Japan sende flaskepost, er han funnen på Hawaii.

I juni vart ei av flaskene oppdaga på ei strand på Hawaii av 9 år gamle Abbie – heile 37 år etter at ho vart kasta i sjøen! Glasflaska vart opphavleg kasta i sjøen i 1984, som ein del av eit vitskapsprosjekt for å undersøkja korleis havstraumar fungerer.

Totalt slapp studentane ved Coshi High School i Japan ut 750 flasker i havet mellom 1984 og 1985, skriv BBC.

Meldingar på japansk, engelsk og portugisisk

Inne i flaska var det meldingar på japansk, engelsk og portugisisk. Studentane hadde også lagt ved adressa til skulen for svar. Abbie sende melding tilbake til skulen, saman med ei teikning av ho og søstera som åt sushi i september.

– Me trudde at den siste vart funnen i Kikaijima. Me hadde aldri trudd at ein av flaskepostane ville bli funnen 37 år etter at han vart kasta i havet, sa Jun Hayashi, som er rektor ved skulen i Japan.

Nostalgiske minne

Mayumi Kanda var ein av studentane som bidrog til vitskapsprosjektet i 1984. Ho fortel at ho vart overraska over at flaskeposten vart funnen etter så mange år.

– Det vekte nostalgiske minne frå skuletida, seier ho.

Abbie har sagt at dette har inspirert ho til å jakta på fleire flaskepostar.

Har du sendt flaskepost?

Har du sendt flaskepost?

Ja27
Nei68
Svar totalt: 95