Tarjei, 13 år

Korleis er det å bu saman med faren sin nokre dagar og mora si andre dagar? Kor flautt er det ikkje med ei mor som driv og kyssar kjærasten sin i tide og utide? Og kva er det med håret til Aisha, den gode venen til Tarjei? Han berre må kjenne på dette håret! 
 
Tarjei er 13 år og går på skulen. Tarjei må bu litt med far og litt med mor, og dette er uvant. Han lengtar tilbake til den gamle tida då familien budde i det ekte huset deira, og mora og faren var saman. Heldigvis har venene og Tarjei ei trehytte i skogen dei kan vere i.

Då venene møtest i trehytta ein halloweenkveld, bestemmer dei seg for å prøve eit ouija-brett. Ouija-brettet kan på magisk vis svare på spørsmål som vert stilte. Stemninga vert spent når brettet tek til å svare!

Bok: Tarjei, 13 år
Forfattar: Anja Dahle Øverbye
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2023
Sider: 126
Passar for: 9−13 år

Andre bokmeldingar