Floke 2 – inn i skrømtskogen

Floke er ein annleis vikinghelt, ein fredeleg fyr i ei vill vikingverd.

No har han fått eit viktig oppdrag: Han skal redde verda frå ragnarok. Men for å gjere det, må Floke legge ut på ei lang reise.

Den kronglete ferda gjennom skrømtskogen og over trollfjella fører han til sjølvaste Jotunheimen, staden kor gudanes svorne fiendar, jotnane, held til.

Men kjem han til å klare å redde verda frå den totale undergang, tru?

Bok:
Forfattar: Ida Eva Neverdahl
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2021
Sider: 152
Passar for: 6-12 år

Andre bokmeldingar