Er det sant at

Rakel er ei sprudlande jente som elskar teikning, fargar og paljettar. Denne dagen har dei vikar i forming, og han vil at dei skal teikne farsdagskort. Alle i klassen byrjar på oppgåva med stor iver og glede, alle bortsett frå to. Rakel kryp under pulten sin og gøymer seg. Alt er vanskeleg, og vikaren er dum. Så ser ho at den nye guten i klassa også sit under pulten sin.

Er det sant at er ei fargerik bok med fine teikningar. Boka handlar om korleis det av og til kan vere når ein har ein far som er død eller i fengsel. Om det å vere lei seg og trist, men også kva som kan få ein til å kjenne seg betre.

Bok: Er det sant at
Forfattar: Kari Stai
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2023
Sider: 33
Passar for: 4–8 år

Andre bokmeldingar