Kva skjer i Glimmerdalen?

Tonje Glimmerdal av Maria Parr er ei veldig kjekk og bra bok.

I boka møter du Tonje Glimmerdal, som er det einaste barnet i Glimmerdalen.

Tonje Glimmerdal blir 10 år til påske, og det har ho tenkt å feire så det «dundrar» i Glimmerdalsfjella. Tonje er bestevenn med Gunnvald, men plutseleg oppdagar Tonje at Gunnvald har har hatt ein stor hemmelegheit.

I Glimmerdalen er det to gardar, går du til venstre kjem du til Tonje og dei sin gard, og går du til høgre, og over brua, kjem du til Gunnvald sin gard.

Klaus Hagen har mykje penger, for nokre år sidan kom han til Glimmerdalen, og syntes det var ein så fin plass at han like gjerne kjøpte heile campingplassen. Han likar ikkje born, særlig ikkje born som bråkar, slik som Tonje.

Difor har han gjort det forbode med born på campingplassen. Dette likar ikkje Tonje. Tonje bur med mamma og pappaen hennar, men mora jobbar som havforskar på Grønland. Der fann ho ein skadd fugl som ho tok med heim til Glimmerdalen.

Spenning er noko boka inneheld, men ho er ikkje skummel. Det synes eg er bra. Noko eg synest er veldig bra med denne boka er at ho er skrive på nynorsk, eg synest det er kjekkare å lesa nynorsk enn å lesa bokmål.

Boka er illustrert av Åshild Irgens.

LES OGSÅ: Her dei beste barnebøkene på nynorsk!

Litt om forfattaren og bøkene hennar:

Maria Parr har bursdag 18. januar, og er frå Vanylven i Møre og Romsdal.

Ho har skrive tre bøker, Vaffelhjarte (2005), Tonje Glimmerdal (2009) og Keeperen
og Havet (2017). Vaffelhjarte blei tv-serie i 2011, og Keeperen og Havet er ein
frittståande oppfølgjar til Vaffelhjarte.

Bok: Tonje Glimmerdal
Forfattar: Maria Parr
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2009
Sider: 281
Passar for: 6-13 år

Andre bokmeldingar