Ein bror i verdsrommet

Fin forteljing om dei store spørsmåla i livet, døden og kva som finst der ute i universet.

Vi følgjer hovudpersonen Elias som går i 7. klasse. Storebroren Mats er alvorleg sjuk, og mesteparten av tida må Mats vere på sjukehuset.

Heime følgjer Elias og venene med på ein eldre mann som har eit mystisk raudt lys i vindauget. Elias har også fanga opp ein spesiell lyd. Kan dette vere eit lydsignal frå verdsrommet? Finst det liv på andre planetar?

Bok:
Forfattar: Rune F. Hjelmås
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2021
Sider: 150
Passar for: 9-12 år

Andre bokmeldingar