Fiskebolleboksraketten

Morosamt og spennande når Nils og faren skal byggje ein rakett av fiskebolleboksar.

Ragnhild Franzen, som er sponsor og eigar av fiskebolleboks-fabrikken, er svært pågåande fordi ho vil at dei skal sende ein person rundt månen i denne farkosten. Det vil gje mykje merksemd til henne og fabrikken.

Det einaste som står att no, er få tak i oppskytingsknappen til raketten. Etter det kan faren få oppfylle familiedraumen om å reise rundt jorda.

For det er vel det faren og Nils alltid har hatt lyst til, er det ikkje?

Bok: Fiskebolleboks-raketten
Forfattar: Anna R. Folkestad
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2021
Sider: 135
Passar for: 6-12 år

Andre bokmeldingar