Huldra Hildur

Ein dag møter Kari ei jente som er litt annleis.

Kari og pappa skal vere på setra i lag med bestefar ein heil sommar for å hjelpe til med dyra der.

Bestefar har ein katt som heiter Ylva, og det er både gris og geiter, høner og kyr der. Bestefar fortel historier om huldra som bur på setra, men pappa likar ikkje at bestefar fortel slike historier, for han vil ikkje at Kari skal bli redd.

Ein dag møter Kari ei jente på omtrent same alder som ho sjølv. Jenta heiter Hildur, og ho bur på setra. Kari og Huldra er saman kvar dag, men Kari synest det er noko litt annleis med Hildur. Kva kan det vere?

Bok:
Forfattar: Aslak Brimi og Agnetha Berg
Forlag: ta:lik
Utgjevingsår: 2020
Sider: 48
Passar for: 6-9 år

Andre bokmeldingar