DO: Ei stinkande reise gjennom bæsjens historie

Ei morosam faktabok om doen gjennom historia og i framtida.

Mor di gjer det, far din gjer det, kongen, dronninga og presidenten i USA gjer det.

Kva då? Går på do, vel!

Gjennom alle tider og i alle situasjonar har folk måtta gå på do. Men har du eigentleg tenkt på kvar dei gjorde av bæsjen i gamle dagar, før vassklosettet blei funne opp?

Eller kva dei gjer med tisset i land der dei ikkje har nok reint vatn? Kva gjer du eigentleg når du må bæsje på ein u-båt, i eit jagarfly eller på ein internasjonal romstasjon?

Alt dette og mykje meir får du svar på i denne boka.

Her kan du sjå korleis det er å gå på do på ein romstasjon ute i verdsrommet:

Bok:
Forfattar: Pia Strømstad
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2017
Sider: 52
Passar for: 9-12 år

Andre bokmeldingar