Tusenfryd. Noveller.

Året då alt blei snudd opp ned. Ein tettstad. Ein klasse. Seks elevar.

Kaleb rømmer med den kreftsjuke veslesøstera si for at ho skal få køyre karusell på Tusenfryd før ho døyr. Fred ønskjer å finne ein stad der han kan vere i fred frå Adrian, plageånda i klassen. Sjølv vil Adrian berre vere langt unna far sin.

Tonje stammar og tør ikkje seie noko i timen. Tobias kjem flyttande frå byen fordi far hans meiner det kan gi familien ein ny start. Tobias blir naboen til Kaja, som alltid får hovudrollene i klassens teaterstykke – bortsett frå dette året, då alt blir snudd opp ned.

Bok:
Forfattar: Lars Mæhle
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2022
Sider: 127
Passar for: Frå 12 år

Andre bokmeldingar