Dumme, dumme hjarte: Kjærleikens veg

Klara synest at å bli forelska er teit, men når den nye jenta kjem byrjar hjartet hennar å dunke for Marie.

Eg synest at boka var kjedeleg då eg starta på ho, men når eg kom meg djupt inn i boka blei ho spanande, og eg elska den delen der det var eit ball og ho kyssa ein gut ho ikkje likte.

Det var berre ein ting eg ikkje likte som skjedde, og det var då Marie brakk beinet. Marie var så flink i ballett, men heldigvis kunne Klara hjelpe henne og ta over rolla hennar i ballettforestillinga.

Forfattaren av boka, Linda Klakken, er 38 år gamal og kjem frå Ålesund, og jobbar mellom anna som skribent.

Eg vil anbefale boka for dei som er 9 år og oppover. Boka passar til dei som likar barneromanar og komediar. Ho er morosam og til tider ganske spanande.

Terningkast 5

Eg gir boka terningkast 5, fordi ho er kjempebra. Eg likar å lese om kjærleik og humor i same bok. Den er perfekt. Eg har både sett og lese slike filmar og bøker, og denne er kjempebra. Eg berre elskar den, iallfall den delen som handlar om ballett, for den delen var skikkeleg morosam.

Bok: Dumme, dumme hjarte
Forfattar: Linda Klakken
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2017
Sider: 152
Passar for: 9-13 år

Andre bokmeldingar