Apetryne: Boka gjorde meg avhengig

Apetryne er kåra til éi av dei ti beste barnebøkene på nynorsk.

Boka handlar om Arne som blir hata av bestevenen sin. Handlinga føregår i ein skog. Hovudpersonen Arne likar å lese.

Eg likar dramaet i boka fordi det blir meir spanande. Boka er original. Det er ingen bilete. Det er vanskeleg å leggje frå seg boka. Det eg ikkje likar med boka er at broren til Arne er for lite med, den burde handla litt meir om han også.

Språket passar til boka. Boka passar for barn/ungdom frå 10-16 år, fordi det er ingen bilete. Eg vil anbefale boka fordi den er morosam og kapitla er korte og spennande.

Forfattaren av boka er Atle Hansen, han er født 18. november 1954. Atle Hansen jobbar som skribent.

Eg vil gi boka terningkast 5, fordi eg synes boka var kjempebra, men det som trekkjer den litt ned er at broren ikkje var så mykje med.

Bli med på bokbad med Atle Hansen!

Bok: Apetryne
Forfattar: Atle Hansen
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2017
Sider: 96
Passar for: 9-13 år

Andre bokmeldingar