Passe happy

Ei tankevekkande bok, som så absolutt er verdt å lese!

Juri er ein snart 12 år gamal gut som synest Sofi i klassa er veldig fin. Han klarer nesten ikkje tenke på anna. Kor fin ho er, om ho likar han, om HAN faktisk likar HO, også vidare.

Men likevel så klarar eit par andre tankar å smyge seg inn innimellom. Som den nye guten Hugo, som er så kul og flink i alt, bestevenninna Evy, som Juri synes har oppført seg så rart i det siste, at faren må flytte ut, Sofi igjen, døden og den gamle mannen Abrahamsen. Det er nesten som… hovudet skal.. eksplodere! Skal tankane aldri ta slutt?

Passe happy er ei spesiell bok, som kan få deg til å tenke på både det eine og det andre. Ho handlar om venskap, legning, død, fotball og meir. Ho er verd å lese, og eg gir ho ein femmar!

Etter mi meining passar den for alle mellom 10-13 år.

Bok:
Forfattar: Kari Stai
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2021
Sider: 179
Passar for: 10-13 år

Andre bokmeldingar