12 ting som må gjerast rett før verda går under

Lydbok om Therese (13) som lengtar etter å kjenne noko skikkeleg.

Therese er tretten år og lengtar. Lengtar etter å kjenne noko skikkeleg. Å ha kjærleikssorg eller noko slikt. Som Billie Holliday, som syng om at ho reiser utan bagasje fordi kjærasten har gått frå henne. Dessutan kjem verda snart til å gå under, tenkjer Therese. Der er nok av teikn på at det kan kome til å skje.

Therese bestemmer seg for å verte venn med Jan. Han veit mykje om livet, og om Gud, verkar det som. Jan kjem frå Manglerud, og han utstrålar noko vakse som dei andre i klassen ikkje heilt forstår seg på. Kanskje Jan kan hjelpe henne å finne ut meir om det med verdas undergang?

Uansett er det viktig å vere vaken og klar, finn ho ut. Therese finn ut at sjølv om ho berre er tretten år er det inga unnskyldning. Ho lagar ei liste på tolv punkt over ting ein berre må ha gjort før verda går under. Det er inga tid å miste. Lista må gjennomførast, punkt for punkt.

Boka finst òg som lydbok på Lydbokforlaget. Speletida er 188 minuttar.

Bok:
Forfattar: Bjørn Sortland
Forlag: Aschehoug
Utgjevingsår: 2011
Sider: 152
Passar for: 9-15 år

Andre bokmeldingar