Bra og spennande om unge miljødetektivar

«Eg vil anbefala bøkene til alle som er glad i naturen og som likar spenningsbøker», skriv leiaren i Miljøagentane på Stord om Klodeklubben-bøkene.

Dei svarte svanene er første bok i serien om Klodeklubben, eit detektivbyrå med klima- og miljøsaker som spesialitet.

Ruth Lillegraven har skrive bøkene, og Jens Kristensen teiknar bilda i bøkene. Han har teikna fine bilde som passar til historia.

Boka er ei spennande historie som startar med eit krasj. Vanja, Sivert og Mo oppdagar oljesøl i fjorden, og dei kvite svanene har fått svart olje på seg. Stammar olja frå båten, eller forureiner nokon sjøen med vilje?

Me blir med Vanja, Sivert og Mo på ein spennande jakt.

Eg vil anbefala boka til alle som er glad i naturen og som likar spenningsbøker. Ein annan ting som er bra, er at det er miljøfakta bak i bøkene. Det gjer at fleire får lyst til å passa på naturen. Eg trur bøkene passar til dei som er mellom 7 og 11 år. Dei yngste må kanskje bli lese for, men dei eldre klarer fint å lesa sjølv.

Les intervju med forfattar Ruth Lillegraven her!

Les første kapittel av Dei svarte svanene her!

Frå boka «Dei svarte svanene» av Ruth Lillegraven, illustrasjon av Jens Kristensen, publisert med løyve frå Samlaget.

Bok: Dei svarte svanene
Forfattar: Ruth Lillegraven
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2020
Sider: 97
Passar for: 7-11 år

Andre bokmeldingar